Vottane mine

Vottane mine

tirsdag 12. februar 2013

Rekved + hjarte = sant

                                                         
                                                             
                                                           Litt av det vi puslar med.
                                Håper at Hide Gard og Glasdesign snart er i full sving igjen.

 
Fargar gir meg energi og gjer meg glad.
Eg er også hekta på "gode ord".
 
Eksperimenterer med rekved i kombinasjon med glas.
Synest det røffe mot det blanke er tøfft.
 
DO NOT.
På hjartet står det: Den som intet våger, intet vinner.
 
 
Fugl.
Rekvedfjøl med knagg på.
Tekst: Bedre med trøtte armer enn tomme tarmer.
 
 
Ugler er populært.
 
Tekst: Husk at selv den lengste reise
begynner med et lite skritt.
 
Ynskjer alle ein fin dag.
 
Veronica
 

lørdag 2. februar 2013

UKM

Eg har ikkje vore så aktiv med glasfusing den siste tida, men ovnane har blitt flittig brukt av døtra i huset. I dag var det UKM i Sande, og ho deltok både med song og glaskunst. Kjempe stolt av deg Vendel-Agathe.


Solsikke fat
 
 
 
Det var rekord påmelding, og eit kjempe flott arrangement med mykje flott ungdom.

Tulipan på rekvedfjøl.
 
Ha ein fin kveld.

Veronica

søndag 13. januar 2013

Det går mot vår.

 
 
Ein ting er sikkert, tida går rasande fort, og det går heldigvis mot vår og lysare tider.
Eg elskar våren, og den deilege følelsen av at alt vaknar til liv igjen. Skapartrangen kjem også snikande, og eg får lyst til å boltre meg i fargar.

Går aldri lei av hjarter, så no framover skal eg prøve å få laga litt av det.


 
 
Eg skal også prøve å skjerpe meg, og bli flinkare til å skrive på denne bloggen.

Ha ein strålande fin søndag.

Carpe diem.

Veronica

mandag 24. september 2012

Tida går rasande fort.

Det er berre å konstatere at sommaren er over for denne gong. Hausten kan vere ei fin tid (dersom vi slepp konstant regn og vind), men i år føler eg meg snytt for sommar. Tida går rasande fort, så eg må berre byrje å tenke JUL. Eg elskar jul, så det er ikkje noko problem.
 

Dette skal bli til eit fat med engel + fine ord.
 
 
Har du lyst til å prøve glasfusing ?
Vi arrangerer hobbykveldar/kurs. Ta med deg ein venninnegjeng, kollegaer o.l. Tek imot grupper frå 4-10 personar. Det kostar kroner 400 per person, inkludert råvarer. Då får alle lage kvar sitt produkt: lysfat, oppheng m.m. Dersom du vil lage større fat, betaler du litt ekstra. Ein hobbykveld tek frå 2,5- 3 timar, alt etter kor sosial ein er. Det er og mulig å ta med mat og ha ei lita matykt innimellom kreativiteten. Begrensa kapasitet, så her gjeld det å vere fyrst ute skal ein få plass dette året.

Dette skal bli eit uglefat.
Laga av ei som var på hobbykveld.


Veronica S Hide
Mobil:900 97 342

fredag 14. september 2012

Lenge sidan eg har skrive noko her, har vore litt meir aktiv på den personlege bloggen min.
Den finn du her http://verhide.blogspot.no

Eg har så vidt byrja å tenke på "juleproduksjonen", må prøve å klekke ut noko nytt.

Bilete frå tidlegare år.
 
                                                                                                                                     
Grå korg til oppbevaring av lys.

Forrige helg vart eg smitta av strikkedilla, og det resulterte i eks.antall tova korger. Den perioda er allereie over, men kanskje dukkar det opp spennande inspirasjon denne helga ?          

Ynskjer alle ei fin helg. Her i huset ser det ut til å verte innehelg, då det regnar sidelengs.

 Veronica

mandag 9. juli 2012

Foto i glasfat.

                                              Endeleg er eg i mål med utprøvinga mi.
                                                        Resultatet vart veldig bra.                                                   

Serveringsfat med bilder av borna.

               Personlege gåver med foto av dine kjære, passar både som dåpsgåve, til bryllaup m.m.


                                                                    Veronica S Hide

tirsdag 19. juni 2012

Klampen i bånn.


Grip dagen.


                                             Klampen i bånn for Hide Gard og Glasdesign.


Vi arrangerer hobbykveldar, kurs, "utdrikkingslag" og andre kreative samkome.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon, opplegg, pris o.l.
Mobil:900 97342 eller mail:verhide@tussa.com.


Nytt frå hausten:

 1.Kurs spesielt tilrettelagt for lærarar eller andre som vil nytte "glasfusing" i undervisningssamanheng. Har du/dykk ein keramikk/glasovn så kan eg hjelpe dykk i gong.



Avslutningsgåve til ein lærar.


2. Kreativt kurs for born. Vi møtast i verkstaden min ein gong i veka over ei lengre periode. Aldersgrense 12 år og oppover (begrensa antal plassar). Det vil ikkje berre vere glasfusing som står på programmet, men ulike kreative aktivitetar. Ta kontakt for spørsmål eller påmelding.
Campingbil-fat for bobilentusiasten.

                     Har ikkje faste opningstider i verkstaden/utsalget, men opnar etter avtale.
                                                              Ynskjer alle ein fin sommar.

                                                                           Veronica