Vottane mine

Vottane mine

mandag 24. september 2012

Tida går rasande fort.

Det er berre å konstatere at sommaren er over for denne gong. Hausten kan vere ei fin tid (dersom vi slepp konstant regn og vind), men i år føler eg meg snytt for sommar. Tida går rasande fort, så eg må berre byrje å tenke JUL. Eg elskar jul, så det er ikkje noko problem.
 

Dette skal bli til eit fat med engel + fine ord.
 
 
Har du lyst til å prøve glasfusing ?
Vi arrangerer hobbykveldar/kurs. Ta med deg ein venninnegjeng, kollegaer o.l. Tek imot grupper frå 4-10 personar. Det kostar kroner 400 per person, inkludert råvarer. Då får alle lage kvar sitt produkt: lysfat, oppheng m.m. Dersom du vil lage større fat, betaler du litt ekstra. Ein hobbykveld tek frå 2,5- 3 timar, alt etter kor sosial ein er. Det er og mulig å ta med mat og ha ei lita matykt innimellom kreativiteten. Begrensa kapasitet, så her gjeld det å vere fyrst ute skal ein få plass dette året.

Dette skal bli eit uglefat.
Laga av ei som var på hobbykveld.


Veronica S Hide
Mobil:900 97 342

fredag 14. september 2012

Lenge sidan eg har skrive noko her, har vore litt meir aktiv på den personlege bloggen min.
Den finn du her http://verhide.blogspot.no

Eg har så vidt byrja å tenke på "juleproduksjonen", må prøve å klekke ut noko nytt.

Bilete frå tidlegare år.
 
                                                                                                                                     
Grå korg til oppbevaring av lys.

Forrige helg vart eg smitta av strikkedilla, og det resulterte i eks.antall tova korger. Den perioda er allereie over, men kanskje dukkar det opp spennande inspirasjon denne helga ?          

Ynskjer alle ei fin helg. Her i huset ser det ut til å verte innehelg, då det regnar sidelengs.

 Veronica