Vottane mine

Vottane mine

fredag 9. desember 2011

JULEFERIE.

Då det begynner å bli veldig skrint utvalg i glasbrakka, tek eg rett og slett ferie.

YNSKJER ALLE EI GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR.


Sjåast på nyåret.

Veronica S Hide

torsdag 10. november 2011

JULEMESSE I VIKE-PETTERLØDA.


Av ulike grunnar blir det kun 1 julemesse på meg i år.




Laurdag 12.11. blir eg å finne i "VIKE-PETTERLØDA" i Haugsbygda, nær Gursken kyrkje.

Mange gode glastilbud.



Eg har samla i hop ein del produkt som blir å finne i ei tilbudskasse.
Dette er ikkje feilvarer, men produkt som eg har få igjen av (restar).
Begrensa antall og svært gode rabattar.

Håper å sjå deg der.

Veronica S Hide

onsdag 2. november 2011

Ikkje slutta.

Eg har ikkje slutta å produsere glas, berre blogginga mi som går litt i rykk og napp.



Den 12 november skal eg vere med på ei julemesse i ei kjempe koseleg løde. Dette blir einaste messa eg deltek på i år, men eg lovar å kome sterkare tilbake neste år.
Driv å lagar litt juleting, men har vanskeleg for å kome i rette stemninga når gradestokken viser pluss 15 grader (men for all del, eg klagar ikkje).



Eg har mange spennande planar framover, men eg må holde dei hemmeleg til dei er heilt i "boks".
"Go for it".



Dersom du vil på hobbykveld før jul, ja då hastar det (dagane begynner å fyllast opp).
Ta med venninnegjengen, kollegaer eller andre og kom til Hide og prøv glasfusing.
Det kostar kroner 300 per person, og då får alle lage eit produkt kvar: lysfat eller oppheng.
No framover mot jul vil det bli serveret gløgg og pepparkaker.


Kanskje du vil ta julehandelen på Hide ?
Då er det berre å slå på tråden, og eg opnar etter avtale.
Eg kjem også til å ha ope nokre dagar i desember, kjem tilbake med meir informasjon seinare.

Veronica

fredag 21. oktober 2011

Hemmeleg.


Produserer litt glas kvar dag.
I dag vart eg skikkeleg fornøygd då eg opna ovnen.
Eg hadde eit "prøveprosjekt" pågang- å jippi det vart akkurat slik eg hadde håpt og trudd.
Kan ikkje røpe det enno.
Litt hemmeligheiter må eg ha.
Røper det ikkje før på julemesse i løda til Brit og Arild den 12.11.

Veronica

mandag 17. oktober 2011

FULL RULLE.

Her er det berre å stå på skal ein bli ferdig til jul.
Ovnane MÅ fyllast med glasprodukt kvar "bidige" dag.
Litt vanskeleg å kome i julemodus, så kanskje eg bør leite fram julemusikken for å få rett stemning.


I dag er eg i hjartemodus, og det blir produsert hjarter i mange variantar.


Lyst til å prøve glasfusing ?
Ta med venninner, klubben eller gode kollegaer og kom til Hide/Gjerdsvika på hobbykveld.
Det er hektiske tider, så her gjeld fyrst til mølla prinsippet.
Det kostar kroner 300 per person, og då får alle lage eit glasprodukt, lysfat eller oppheng. Dette er noko alle får til, og det er kjekt å vere kreativ i lag.
For meir informasjon og påmelding ta kontakt på mobil:900 97342 eller mail: verhide@tussa.com.

Kjekk gjeng som var på hobbykveld.


Ynskjer alle ein hjarteleg fin dag.




Veronica

søndag 16. oktober 2011

Lite lyst til å vere kreativ.

Skal innrømme at i dag hadde eg ikkje så lyst til å vere kreativ. Tok meg ein tur ned i verkstaden for å sjå om eg orka sette på ovnen- det gjorde eg til slutt. Fekk besøk av ei hyggeleg dame, og merka at litt skryt er det som skal til for at arbeidslysta kjem.Sjølv om det er søndag fekk eg gjort ein del (ein skal vel eigentleg ikkje jobbe på søndag).

Min digre høvelbenk har kome på plass, samt at eg har snudd litt rundt i verkstaden. Må førebu meg til haustens hobbykveldar samt julemesser.

Høvelbenken medan den enno stod på "loppis".

I dag har eg vore litt nostalgisk og resultatet vart 2 stykk fat, samt nokre hjarter.


Hjarter er alltid populært.


Ynskjer alle ein strålande søndag.

Veronica

lørdag 15. oktober 2011

Dagens kreative produksjon.


Eg har så smått starta på juleproduksjonen.Har laga nokre englefat, samt ein del hjarte. Eg har mange idear, så no gjeld det berre å få sett dei ut i livet.




Ynskjer dykk alle ei fin helg.

Veronica

torsdag 13. oktober 2011

LITT ENDRINGAR I BLOGG SYSTEMET MITT.

Eg har no gjort litt endringar i bloggsystemet mitt.
Eg har no ein glasblogg:http://hidegardogglasdesign.bl​ogspot.com/ , samt ein litt meir privat blogg:http://verhide.blogspot.com/.
Håper dykk vil ta turen innom dei, og legg gjerne igjen kommentarar.
Ha ein fin dag.
Veronica

tirsdag 11. oktober 2011

Juleproduksjonen har startar.

Anbefaling:Gå inn på Brit`s små puslerier og ver med på kjempe lotteri.
http://brit-puslerier.blogspot.com/2011/10/julekalenderlotteri-for-100000-jubileum.html




Her ut i havgapet går no dagane som vanleg, puslar litt med glasproduksjon i "brakka" medan eg drøymer om å finne meg ein jobb. For godt og vel 5 månader sidan var eg innblanda i ei bilulykke, og etter det har eg berre vore heime. Kjenner at eg er for sosial til å gå for meg sjølv heile dagane. Saknar nokon å snakke med. Håper at det skal dukke opp eit kreativt jobbtilbud snart.

I dag har eg hatt meg nokre fine timar i brakka, og eg er svært spent på resultatet. Har laga eit kjempe stort firkanta "englefat". Synest sjølv at det er litt annerleis,og at eg har utvikla meg og klart å tenke nytt. Bilde kjem når eg har fått fatet velberga ut av ovnen- om eit par brenningar.
Glasfusing er ein omstendeleg prosess, så ting tek tid. Håper å få laga litt glas no framover slik at eg kan fare på julemesser. Eg har også planar om å opne "epla utsalg", men fyrst må eg kome meg frampå.
Ynskjer alle ein fin haustdag.

Veronica

onsdag 28. september 2011

Viktig med planar, men...................


Då eg opna lokalavisa i går fekk eg bakoversveis av sjokk.
"Planar om kulturelt samarbeid på Hide i Gjerdsvika" var overskrifta på notisen som slo mot meg. Dette måtte eg lese, spennande, skal tru kva dette var ? Etter kvart som eg las gjekk det opp for meg at eg visst nok var ein del av desse planane. Eg har ikkje noko i mot planar og draumar, men synest det er greit å vite om planar som gjeld meg.

mandag 26. september 2011

Endeleg i gang.


Etter 5 månader ufrivilleg pause er eg no i gang med å skape glaskunst igjen.
Trudde ei stund at kreativiteten var vekke for evig og alltid- det føltest slik.
Godt å kjenne at eg igjen har lyst til å gå ned i brakka og jobbe med glasfusing.
No klarer eg å stå oppreist i meir enn fem minutt utan å vere totalt utmatta.
Ei bilulykke har sett meg ut av funksjon, og det har teke mykje lenger tid å kome i form enn eg hadde trudd.
Vi var tross alt knall heldige, takk og lov at det gjekk så bra.

Forrige veke kom eg heim frå ein fantastisk fin skuletur til Polen/Tyskland, i regi av Aktive Fredsreiser.
Veldig lærerikt, mange sterke inntrykk og fæle historier, men også mange gode opplevelsar.
Eg innser at eg har det kjempe godt her i Gjerdsvika, og frå no av skal eg leve og nyte livet.

Har mange planar for glasverksemda og livet mitt.
Carpe diem.
Eg går ei spennande tid i møte.
Satsar på å få med meg nokre lokale julemesser, så no må eg byrje å tenkje juleproduksjon.
Skal også bli flinkare å skrive blogg.
Og så skal eg bli flinkare å ta bilde av glasprodukta eg lagar.
Sjåast snart.
Veronica

søndag 25. september 2011

Kan du vere så snill å legge igjen ein liten kommentar ?

Bloggen min oppfører seg så rart for tida.
Kan nokon vere så snill å sjå om det går ann å legge inn ein kommentar ?

Ha ein fin søndagskveld.

Veronica

søndag 11. september 2011

Allergisk mot Ikea ?

No er eg verkeleg bekymra. Eg fryktar rett og slett at eg har vorte allergisk mot Ikea.




I går var eg og ei anna ikeafrelst dame på dagstur til Trondheim. For å få mest mogleg utbytte av helga brukte vi natta til å køyre. Vi hadde ein kjempe fin tur oppover, og dei 6 timane gjekk fort medan vi prata om alt og ingen ting. Vi var i strålande humør, dette hadde vi "gledd" oss til lenge. Stod spenna klar til shopping då dørene ved Ikea opna. Akkurat i det vi gjekk inn døra fekk eg akutt nyse anfall. Det kom berre kasta på meg, tidlegare hadde eg vore frisk som ein fisk. Eg naus og naus, så å seie konstant i 5 timar. Det rann ut av nasa og augene var knallraude. Kjøpte nokre koppehanddukar, og etter kvart vart nysinga så ekstrem at eg vurderte å ofre dei som lommetørkel. Reisevenninna mi holdt på å le seg i hel, nysinga mi gjorde at ho heile tida hadde full kontroll over kva reol eg befann meg bak.Det vart rett og slett pinleg der eg gjekk å gøymde meg og naus. Atshoooooooooooooo.Traff ei dame som eg ikkje har sett på 19 år (ei som eg studerte ilag med). Høffleg som ho er sa ho ingen ting om kor elendig eg såg ut, men blikket avslørte henne. Ho lurte sikkert på om eg var djupt ulykkeleg og hadde "grete" i dagesvis. Ulykkeleg ? Nei eg var svært lykkeleg for endeleg å vere på Ikea.Hadde problem med å holde nysen tilbake såpass lenge at eg fekk betalt varene. Då eg gjekk bort i "food"avdelinga vart det ekstra gale, så eg måtte berre skunde meg der i frå. Starta på heimvegen og kom meg nysande men glad tilbake til Gjerdsvika.


No sit eg her heime i stova vår tett i nasa, men mykje betre enn i går. Håper at dette går raskt over, då eg ikkje har tid til å nyse no. Eg må vere heilt frisk til tirsdag for då reiser eg på skuletur til Polen/Tyskland. Gler meg kjempe mykje, dette blir ei oppleving . Får berre krysse fingrane for at eg har "nyst" frå meg på ei stund.
Verbet nyse er forresten eit ekkelt ord å bøye. Å nyse, no nys eg , i går naus eg, har nyst (eg likar betre å seie har "nåse".)

Atshooooooooo.

fredag 12. august 2011

Haustplanar.


Ja no er det berre å innsjå at sommaren (snart) er over og det er kvardag.
Planane framover på Hide Gard og Glasdesign:
Hobbykveldane/kursa har vore populære, så dei kjem eg til å forsette med.
Har du lyst å prøve "glasfusing", så slå på tråden eller send ein mail.
Mobil:900 97342, mail:verhide@tussa.com
Eg kjem ikkje til å ha faste opningstider, men har ope etter avtale.
Det blir lange dagar dersom eg skal gå rundt og vente på at nokon kanskje stikk innom.
"På bestilling eg ei kan lage,
eg må berre beklage.
Kreativiteten friheit må ha,
om resultatet skal bli bra".
Av ulike årsaker kjem eg heller ikkje til å reise rundt på så mange messer/utstillingar.
Dykk er hjarteleg velkommen til å besøkje meg her ut i havgapet (Gjerdsvika).
Slå gjerne på tråden, så slepp dokke ein "bomtur".
Velkommen.
Veronica S Hide

mandag 20. juni 2011

SOMMARSTENGT PÅ HIDE GARD OG GLASDESIGN.

Sommarsalget/restesalget er ferdig for denne gong, så no tek eg ein lang og velfortjent sommarferie. I ferien vil eg "samle" krefter, samt prøve å finne igjen skapargleda/kreativiteten. Håper at eg og skal få produsert litt glas.







Dersom du har veldig lyst å stikke innom verkstaden min, kan du slå på tråden så kan eg opne etter avtale.







Ynskjer alle ein nydeleg ferie, så sjåast vi til hausten.
GOD SOMMAR.





HIDE GARD OG GLASDESIGN
Veronica Sundgot Hide
Mobil:90097342
Mail:verhide@tussa.com







onsdag 8. juni 2011

RYDDESALG.

Stort ryddesalg på Hide Gard og Glasdesign.



Kom til Hide og gjer eit kjempe kupp, tilbudet varer så lenge lageret rekk.


Restekasse: diverse varer kr.30, kr.50 og kr.100. Ellers er det minus 20% på ein del store fat.
Har ikkje faste opningtider, men har ope etter avtale.

Velkommen.
Veronica S Hide
Mobil:900 97 342
Mail: verhide@tussa.com



fredag 20. mai 2011

Blanke ark og fargestifter til......

Så snart forma og tida tillet det, skal eg ha meg ein tur på Ikea. Det er mykje eg berre MÅ ha, både til verkstaden min og privat. Eg elskar Ikea, men dessverre ligg det litt for langt vekke.
Må ha nye bord og stolar til "avslappingsavdelinga" i brakka mi + mykje anna kjekt smånips som du kun finn på Ikea. Kjenner at eg er i rydde/oppussingsmodus.






Har bestemt meg for at no blir det ryddesalg på glasprodukt. Minus 20 % på mange produkt. Det er ikkje noko gale med dei, eg må berre kvitte meg med litt før eg startar med ny frisk.





Eg har ikkje faste opningstider, men det er berre å slå på tråden så opnar eg opp. Her gjeld det først til mølla prinsippet. Velkommen.



Eller kanskje du vil på "Hobbykveld" ? Slå på tråden for meir informasjon.
Vennleg helsing Veronica S Hide

Mobil:90097342

torsdag 5. mai 2011

NO KAN DET BERRE GÅ EIN VEG-OPPOVER.

Den siste tida har vore mildt sagt trasig, (orkar ikkje å kommentere det noko meir) men no kan det berre gå oppover. Starta påska med eks.antal herlege fjellturar, men så vart det brått stopp. Bilete ovanfor er av jenta mi på Rundefjellet. Skulle hatt meg ein tur dit igjen for å sjå korleis det går med Lundefuglane. Til helga skal vi feire konfirmasjonen til den midterste guten vår, og det gler vi oss til. Førebuinga har kanskje ikkje gått heilt som planlagt. Eg ligg mykje på sofaen og tenkjer på alt eg skulle ha gjort, medan kroppen nektar å samarbeide. Heldigvis har eg mange rundt meg som trår til med mat og kaker, slik at vi klarer å få eit skikkeleg sunnmørsk kakebord. For den som ikkje veit korleis det ser ut, så kan eg fortelje at det er enormt. Minst ei kake per person, pynta på den lekraste måten.Trur eg må kome tilbake med bilde frå kakebordet etter konfirmasjonen.


Véret er nydeleg for tida, men skal eg klage på noko så er det litt kald vind. Høyrde på vérmeldinga at varmen skulle kome tilbake-herleg. Kjenner at sola gir meg mykje energi. Fleire dagar no, har eg lagt meg i ein solstol innesnurra i eit pledd. Deileg å ligge å døse medan ein høyrer nydeleg fuglekvitter bakgrunnen.

Livet er eigentleg ganske herleg, sjølv om ein stundom møter utfordringar.

Ha ein fin dag alle saman.

Veronica

onsdag 20. april 2011

Lite livsteikn.

På kveldstur til Runde.


Goksøyra.


Turistane har byrja å kome, og campingplassen vaknar til liv.

Fotografane sit klare til å filme lundefuglen, og dei er utstyrt med verdens største kameralinser.


Eg er ingen ornitolog, men eg likar å gå på fjellet samstundes som eg synest lundefuglen er ein fasinerande og flott fugl. I dag var vi ein gjeng på 10 personar som la kveldsturen vår til Lundeura. Turen kan anbefalast på det sterkaste, eit yrande fugleliv og ein flott fjelltur.





Turen passar for både liten og stor.


Den yngste var faktisk den som var fyrst på toppen.




Kjekke jenter på fjelltur.






Ein søt lundefugl.


Eg synest lundefuglen ser litt sjarmerande trist ut i augene.






Etter ein slik tur er det deileg å kome heim å leggje seg på sofaen og slappe av.

Kvardagslykke + god samvittigheit.


YNSKJER DYKK ALLE EI GOD PÅSKE.


Veronica






onsdag 30. mars 2011

Vakkert ?

Ja, visst er det vakkert ute, men eg er så lei av snø. Dette bilete passar best på eit julekort, og snart er det april. No vil eg ha vår!! Frustrasjonen over snø er så stor at eg føler eg snart går på veggane. Klarer ikkje å vere kreativ under slike forhold. Nei no skal eg slutte å syte, ingen ting å gjere med det ? Kanskje eg rett og slett skal finne fram støvsugaren-og støvsuge vekk heile skiten (snøen).


Mykje spennande som skjer i livet mitt for tida, kanskje litt for mykje å velje i ? Veit sanneleg ikkje kva eg skal satse på. Jobb, studier eller fulltids glaskunstnar ? Skulle ynskje at eg kunne vere tøff og lytta til magefølelsen. Fornufta seier ein ting, medan magen seier noko heilt anna. No har eg levd etter fornuftsprinsippet i godt og vel 40 år, så kanskje det er på tide å prøve noko nytt ?


I fjøsen er det full fart med lambing. Villsauene er flinke og klarer seg sjølv, medan dei andre ofte må ha hjelp av jordmor. Eg synest det er fasinerande å ta imot dei søte små "lamba", og kjenner at eg er i mitt rette element. Jordmor Hide står til tjeneste. Ynskjer dykk alle ein fin kveld, så får vi håpe at våren snart kjem . Veronica

mandag 28. februar 2011

Give away ?


For nokre dagar sidan fekk eg ei melding om at eg hadde vunne ein give away (nokon som tipsa meg om det).

Eg klarer rett og slett ikkje å finne ut kven det er som etterlyser meg. Er det nokon som kan hjelpe meg med det hadde det vore fint.

Ynskjer dykk alle ein fin dag og ei fin veke.

No tek eg på meg fjellsko og går ein tur på fjellet i det nydelege veret.


Veronica.

lørdag 12. februar 2011

Ut i havgapet.

I dag har vi hatt ein nydeleg solskinns dag her på Hide i Gjerdsvika.

Eg skal ærleg innrømme at eg er lei av snø og kulde. Eg er absolutt ikkje noko vintermenneske. Snø høyrer heime rundt juletider -for å skape julestemning.


Nei, no er eg klar for våren.



Det er litt kjedeleg å gå på tur åleine, men kamera er ein god turkamerat.


Eg likar godt å fotografere , og har fått meg flott kamera i bursdagsgåve. Eg skulle ha lært meg meir om fotografering, for eg er ein amatør. Har faktisk kjøpt meg ei bok om fotografering, men eg gidd ikkje sette meg ned å lese i den.

















Her er nokre av dei bilda eg knipsa i dag.



















Ynskjer alle ein fin kveld, og alle mødre ein fin morsdag i morgon.

Veronica


























































































































































fredag 11. februar 2011

Nå skinner sola i vinduskarmen.....


Eg blir rett og slett glad av sola i dag.

Heldigvis bur vi på "rett" side av Gjerdvika, og har sol mesteparten av året (dersom verforholda tilseier det). Hadde rett og slett ikkje klart å site på andre sida av "Vikja" og sett bort på sola. Nok om det, no skal eg berre nyte sola. Vindauga ser grusomt skitne ut, men det aktar eg ikkje å bry meg om (dei er forholdsvis reine på innsida).

Nesten sånn at eg har lyst å ta med meg eit pledd og sette meg ut å suge til meg energien som sola gir meg. Lytte til nydeleg fuglekvitter og kosesnakke med sauene.
Kjenner at skapartrangen trengjer seg på. Livet er herleg.

Berre å hive seg rundt å få nyte resten av denne solfylte dagen.

Ha ei fin helg.


Veronica

tirsdag 8. februar 2011

Hobbykveld.




I dag har eg hatt besøk av ein gjeng kreative Herøydamer. Dei lekraste produkta ligg no i ovnen til brenning. Det vart laga alt frå sommarfugl, katt og fugl til lysfat. Rett triveleg var det. Har ikkje bilde frå dagens produksjon, så difor legg eg ut eit bilete av eit fat eg laga for ei stund sidan.

Ha ei god natt.

Veronica

mandag 7. februar 2011

Toalett.



I dag har eg ei merkeleg overskrift, men eg må berre få fortelje kor fornøygd eg er med mitt nye toalett. For godt og vel 1 år sidan starta eg med kurs/hobbykveldar i glasverkstaden min. Verkstaden/utsalget har vorte til litt etter kvart, vegen blir til medan ein går. Fyrst kjøpte eg ei Moelven brakke, og etter ei lita stund kom brakke nummer 2. Når andre damer handlar kle, så handlar eg brakker. Brakkene vart så bygd i hop og laga nytt skråtak på. Eg var strålande fornøygd, med der var berre eit problem......toalett.

Eg leita febrilsk på internett, medan kundane mine måtte ta til takke med mitt private toalett. Travelt for alle å måtte legge ut på spasertur før å gå på toalettet, nei då "held" ein seg heller til ein kjem heim. For min eigen del så synest eg det var travelt å heile tida måtte ha det ekstremt ryddig i huset. Brått ein dag kom eg over noko genialt på internett, "toalett på tilhengar". Eg studerte og undersøkte, og no står altså toalettet klart etter ein tur frå Fredrikstad til Gjerdsvika.

I morgon ventar eg besøk av ein damegjeng, og då skal toalettet innviast.

Ha ein fin kveld.

Veronica


















søndag 6. februar 2011

Bilder av ting eg har laga.

Som "bondekjerring" må eg sjølvsagt lage sauer.

Hjarter er alltid populært.



Dåpsfat.