Vottane mine

Vottane mine

mandag 24. september 2012

Tida går rasande fort.

Det er berre å konstatere at sommaren er over for denne gong. Hausten kan vere ei fin tid (dersom vi slepp konstant regn og vind), men i år føler eg meg snytt for sommar. Tida går rasande fort, så eg må berre byrje å tenke JUL. Eg elskar jul, så det er ikkje noko problem.
 

Dette skal bli til eit fat med engel + fine ord.
 
 
Har du lyst til å prøve glasfusing ?
Vi arrangerer hobbykveldar/kurs. Ta med deg ein venninnegjeng, kollegaer o.l. Tek imot grupper frå 4-10 personar. Det kostar kroner 400 per person, inkludert råvarer. Då får alle lage kvar sitt produkt: lysfat, oppheng m.m. Dersom du vil lage større fat, betaler du litt ekstra. Ein hobbykveld tek frå 2,5- 3 timar, alt etter kor sosial ein er. Det er og mulig å ta med mat og ha ei lita matykt innimellom kreativiteten. Begrensa kapasitet, så her gjeld det å vere fyrst ute skal ein få plass dette året.

Dette skal bli eit uglefat.
Laga av ei som var på hobbykveld.


Veronica S Hide
Mobil:900 97 342

fredag 14. september 2012

Lenge sidan eg har skrive noko her, har vore litt meir aktiv på den personlege bloggen min.
Den finn du her http://verhide.blogspot.no

Eg har så vidt byrja å tenke på "juleproduksjonen", må prøve å klekke ut noko nytt.

Bilete frå tidlegare år.
 
                                                                                                                                     
Grå korg til oppbevaring av lys.

Forrige helg vart eg smitta av strikkedilla, og det resulterte i eks.antall tova korger. Den perioda er allereie over, men kanskje dukkar det opp spennande inspirasjon denne helga ?          

Ynskjer alle ei fin helg. Her i huset ser det ut til å verte innehelg, då det regnar sidelengs.

 Veronica

mandag 9. juli 2012

Foto i glasfat.

                                              Endeleg er eg i mål med utprøvinga mi.
                                                        Resultatet vart veldig bra.                                                   

Serveringsfat med bilder av borna.

               Personlege gåver med foto av dine kjære, passar både som dåpsgåve, til bryllaup m.m.


                                                                    Veronica S Hide

tirsdag 19. juni 2012

Klampen i bånn.


Grip dagen.


                                             Klampen i bånn for Hide Gard og Glasdesign.


Vi arrangerer hobbykveldar, kurs, "utdrikkingslag" og andre kreative samkome.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon, opplegg, pris o.l.
Mobil:900 97342 eller mail:verhide@tussa.com.


Nytt frå hausten:

 1.Kurs spesielt tilrettelagt for lærarar eller andre som vil nytte "glasfusing" i undervisningssamanheng. Har du/dykk ein keramikk/glasovn så kan eg hjelpe dykk i gong.



Avslutningsgåve til ein lærar.


2. Kreativt kurs for born. Vi møtast i verkstaden min ein gong i veka over ei lengre periode. Aldersgrense 12 år og oppover (begrensa antal plassar). Det vil ikkje berre vere glasfusing som står på programmet, men ulike kreative aktivitetar. Ta kontakt for spørsmål eller påmelding.
Campingbil-fat for bobilentusiasten.

                     Har ikkje faste opningstider i verkstaden/utsalget, men opnar etter avtale.
                                                              Ynskjer alle ein fin sommar.

                                                                           Veronica

lørdag 14. april 2012

Carpe diem.



Lev ein dag om gongen,
og gjer den til eit mesterverk.

Hide Gard og Glasdesign er snart tilbake igjen.

Ha ein fin vårdag.

Veronica

lørdag 25. februar 2012

Dokke må ikkje gløyme "Hide Gard og Glasdesign".


Det er ikkje alltid ting går som ein planlegg.
Dei siste 10 månadane har ikkje gått i min favør.
Har vore sjukemeld, og er det fortsatt.
Eg har absolutt ikkje gitt opp her eg ligg på sofaen, eg skal bli bra.
Ting tek tid, men eg kjenner at eg byrjar å bli rastlaus no.

Heldigvis så har eg ei kreativ familie som kan trå til å hjelpe.
Eg har mange planar og idear, så får eg heller nytte meg av andre til å sette dei ut i livet.

Mykje spennande som kjem til å skje framover, så følg med.

Veronica

mandag 2. januar 2012

GODT NYTT ÅR.


Ynskjer alle mine vennar, bekjente og kundar eit godt nytt år.

Det er ganske så skrapa i glasbrakka, så her er det berre å brette opp armane å starte produksjonen.
I tida framover kjem eg ikkje til å ha faste opningstider, men har ope etter avtale.
Berre slå på tråden (mobil:900 97 342) eller send ein mail (verhide@tussa.com)

Vi arrangerer fortsatt hobbykveldar, utdrikkingslag og diverse kreative selskap. Ring for å avtale nærmare.

Hobbykveld kostar kr.300 per person, og då får alle lage kvar sin ting (oppheng eller lite fat). Minimum 4 personar, maksimum 10 (kan få plass til fleire med litt omorganisering).



Velkommen.

Veronica S Hide