Vottane mine

Vottane mine

søndag 21. september 2014

Tida går jammen fort.

 
Den siste tida har eg ikkje vore flink til å blogge, og det er faktisk 9 månader sidan sist eg skreiv eit innlegg. 
Dette skal det no bli ei forandring på.
Sjølv om det kan sjå ut som eg har gått i hi, så er eg i aktivitet.
Mykje spennande skjer på Hide Gard og Glasdesign.
Eg har kome med i BYKS, eit prosjekt i regi av Innovasjon Norge.
 Ei stor muligheit for heldige meg.
Det er veldig lærerikt og spennande, og eg har allereie fått mange nye idear.
Følg med, følg med.
 
Reportasje om meg i Sunnmørsposten.
 
 
Har du lyst til å prøve  glasfusing, så er du hjarteleg velkoma til Hide.
Vi arrangerer barneselskap, hobbykveldar, kurs, utdrikkingslag m.m.
Skreddarsyr etter ynskje.
For booking ta kontakt på facebook, mail eller telefon.
 
 
 Veronica Sundgot Hide
Hide Gard og Glasdesign
6083 Gjerdsvika
Facebook: Hide Gard og Glasdesign
Mobil:90097342
 
 
 
 

lørdag 4. januar 2014

I GANG.

Ivar Aasen inspirert i ovnen.
 
Ja, så er vi i gang igjen på Hide Gard og Glasdesign. Det er fortida ganske tomt i hyllene etter jula, men eg jobbar med saka.
 
Rekved bilde med tekst.


Har du lyst til å prøve glasfusing , så arrangerer vi hobbykveldar, kurs og andre selskapeligheiter.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon/påmelding.

Etter kvart kjem vi til å ha faste opningstider, og vi jobbar med å opne ein liten gardsbutikk med diverse glasprodukt, saueskinn, nipseri m.m.




Eg har mange idear og planar, så 2014 blir eit spennande år. Følg med.

Veronica S Hide
mobil: 90097342
mail:verhide@tussa.com