Vottane mine

Vottane mine

mandag 28. februar 2011

Give away ?


For nokre dagar sidan fekk eg ei melding om at eg hadde vunne ein give away (nokon som tipsa meg om det).

Eg klarer rett og slett ikkje å finne ut kven det er som etterlyser meg. Er det nokon som kan hjelpe meg med det hadde det vore fint.

Ynskjer dykk alle ein fin dag og ei fin veke.

No tek eg på meg fjellsko og går ein tur på fjellet i det nydelege veret.


Veronica.

lørdag 12. februar 2011

Ut i havgapet.

I dag har vi hatt ein nydeleg solskinns dag her på Hide i Gjerdsvika.

Eg skal ærleg innrømme at eg er lei av snø og kulde. Eg er absolutt ikkje noko vintermenneske. Snø høyrer heime rundt juletider -for å skape julestemning.


Nei, no er eg klar for våren.



Det er litt kjedeleg å gå på tur åleine, men kamera er ein god turkamerat.


Eg likar godt å fotografere , og har fått meg flott kamera i bursdagsgåve. Eg skulle ha lært meg meir om fotografering, for eg er ein amatør. Har faktisk kjøpt meg ei bok om fotografering, men eg gidd ikkje sette meg ned å lese i den.

















Her er nokre av dei bilda eg knipsa i dag.



















Ynskjer alle ein fin kveld, og alle mødre ein fin morsdag i morgon.

Veronica


























































































































































fredag 11. februar 2011

Nå skinner sola i vinduskarmen.....


Eg blir rett og slett glad av sola i dag.

Heldigvis bur vi på "rett" side av Gjerdvika, og har sol mesteparten av året (dersom verforholda tilseier det). Hadde rett og slett ikkje klart å site på andre sida av "Vikja" og sett bort på sola. Nok om det, no skal eg berre nyte sola. Vindauga ser grusomt skitne ut, men det aktar eg ikkje å bry meg om (dei er forholdsvis reine på innsida).

Nesten sånn at eg har lyst å ta med meg eit pledd og sette meg ut å suge til meg energien som sola gir meg. Lytte til nydeleg fuglekvitter og kosesnakke med sauene.
Kjenner at skapartrangen trengjer seg på. Livet er herleg.

Berre å hive seg rundt å få nyte resten av denne solfylte dagen.

Ha ei fin helg.


Veronica

tirsdag 8. februar 2011

Hobbykveld.




I dag har eg hatt besøk av ein gjeng kreative Herøydamer. Dei lekraste produkta ligg no i ovnen til brenning. Det vart laga alt frå sommarfugl, katt og fugl til lysfat. Rett triveleg var det. Har ikkje bilde frå dagens produksjon, så difor legg eg ut eit bilete av eit fat eg laga for ei stund sidan.

Ha ei god natt.

Veronica

mandag 7. februar 2011

Toalett.



I dag har eg ei merkeleg overskrift, men eg må berre få fortelje kor fornøygd eg er med mitt nye toalett. For godt og vel 1 år sidan starta eg med kurs/hobbykveldar i glasverkstaden min. Verkstaden/utsalget har vorte til litt etter kvart, vegen blir til medan ein går. Fyrst kjøpte eg ei Moelven brakke, og etter ei lita stund kom brakke nummer 2. Når andre damer handlar kle, så handlar eg brakker. Brakkene vart så bygd i hop og laga nytt skråtak på. Eg var strålande fornøygd, med der var berre eit problem......toalett.

Eg leita febrilsk på internett, medan kundane mine måtte ta til takke med mitt private toalett. Travelt for alle å måtte legge ut på spasertur før å gå på toalettet, nei då "held" ein seg heller til ein kjem heim. For min eigen del så synest eg det var travelt å heile tida måtte ha det ekstremt ryddig i huset. Brått ein dag kom eg over noko genialt på internett, "toalett på tilhengar". Eg studerte og undersøkte, og no står altså toalettet klart etter ein tur frå Fredrikstad til Gjerdsvika.

I morgon ventar eg besøk av ein damegjeng, og då skal toalettet innviast.

Ha ein fin kveld.

Veronica


















søndag 6. februar 2011

Bilder av ting eg har laga.

Som "bondekjerring" må eg sjølvsagt lage sauer.

Hjarter er alltid populært.



Dåpsfat.






Hide Gard og Glasdesign 2011.


På vår vesle gard i Gjerdsvika driv vi ein kombinert glasverkstad/gardsbutikk. Vi har for tida ikkje faste opningstider, men har ope etter avtale. Ikkje nøl med å slå på tråden.
Vi arrangerer også hobbykveldar/kurs og diverse små selskap. På hobbykveldane tek vi i mot grupper på 4-20 personar. Det kostar kr.300 per person, og då får alle lage kvar sitt glasprodukt:lysfat, oppheng m.m. Berre fantasien som set grenser. Skreddarsyr også opplegg etter kunden sitt ynskje.

Veronica Sundgot Hide
mobil:900 97 342
mail: verhide@tussa.com