Vottane mine

Vottane mine

onsdag 28. september 2011

Viktig med planar, men...................


Då eg opna lokalavisa i går fekk eg bakoversveis av sjokk.
"Planar om kulturelt samarbeid på Hide i Gjerdsvika" var overskrifta på notisen som slo mot meg. Dette måtte eg lese, spennande, skal tru kva dette var ? Etter kvart som eg las gjekk det opp for meg at eg visst nok var ein del av desse planane. Eg har ikkje noko i mot planar og draumar, men synest det er greit å vite om planar som gjeld meg.

mandag 26. september 2011

Endeleg i gang.


Etter 5 månader ufrivilleg pause er eg no i gang med å skape glaskunst igjen.
Trudde ei stund at kreativiteten var vekke for evig og alltid- det føltest slik.
Godt å kjenne at eg igjen har lyst til å gå ned i brakka og jobbe med glasfusing.
No klarer eg å stå oppreist i meir enn fem minutt utan å vere totalt utmatta.
Ei bilulykke har sett meg ut av funksjon, og det har teke mykje lenger tid å kome i form enn eg hadde trudd.
Vi var tross alt knall heldige, takk og lov at det gjekk så bra.

Forrige veke kom eg heim frå ein fantastisk fin skuletur til Polen/Tyskland, i regi av Aktive Fredsreiser.
Veldig lærerikt, mange sterke inntrykk og fæle historier, men også mange gode opplevelsar.
Eg innser at eg har det kjempe godt her i Gjerdsvika, og frå no av skal eg leve og nyte livet.

Har mange planar for glasverksemda og livet mitt.
Carpe diem.
Eg går ei spennande tid i møte.
Satsar på å få med meg nokre lokale julemesser, så no må eg byrje å tenkje juleproduksjon.
Skal også bli flinkare å skrive blogg.
Og så skal eg bli flinkare å ta bilde av glasprodukta eg lagar.
Sjåast snart.
Veronica

søndag 25. september 2011

Kan du vere så snill å legge igjen ein liten kommentar ?

Bloggen min oppfører seg så rart for tida.
Kan nokon vere så snill å sjå om det går ann å legge inn ein kommentar ?

Ha ein fin søndagskveld.

Veronica

søndag 11. september 2011

Allergisk mot Ikea ?

No er eg verkeleg bekymra. Eg fryktar rett og slett at eg har vorte allergisk mot Ikea.




I går var eg og ei anna ikeafrelst dame på dagstur til Trondheim. For å få mest mogleg utbytte av helga brukte vi natta til å køyre. Vi hadde ein kjempe fin tur oppover, og dei 6 timane gjekk fort medan vi prata om alt og ingen ting. Vi var i strålande humør, dette hadde vi "gledd" oss til lenge. Stod spenna klar til shopping då dørene ved Ikea opna. Akkurat i det vi gjekk inn døra fekk eg akutt nyse anfall. Det kom berre kasta på meg, tidlegare hadde eg vore frisk som ein fisk. Eg naus og naus, så å seie konstant i 5 timar. Det rann ut av nasa og augene var knallraude. Kjøpte nokre koppehanddukar, og etter kvart vart nysinga så ekstrem at eg vurderte å ofre dei som lommetørkel. Reisevenninna mi holdt på å le seg i hel, nysinga mi gjorde at ho heile tida hadde full kontroll over kva reol eg befann meg bak.Det vart rett og slett pinleg der eg gjekk å gøymde meg og naus. Atshoooooooooooooo.Traff ei dame som eg ikkje har sett på 19 år (ei som eg studerte ilag med). Høffleg som ho er sa ho ingen ting om kor elendig eg såg ut, men blikket avslørte henne. Ho lurte sikkert på om eg var djupt ulykkeleg og hadde "grete" i dagesvis. Ulykkeleg ? Nei eg var svært lykkeleg for endeleg å vere på Ikea.Hadde problem med å holde nysen tilbake såpass lenge at eg fekk betalt varene. Då eg gjekk bort i "food"avdelinga vart det ekstra gale, så eg måtte berre skunde meg der i frå. Starta på heimvegen og kom meg nysande men glad tilbake til Gjerdsvika.


No sit eg her heime i stova vår tett i nasa, men mykje betre enn i går. Håper at dette går raskt over, då eg ikkje har tid til å nyse no. Eg må vere heilt frisk til tirsdag for då reiser eg på skuletur til Polen/Tyskland. Gler meg kjempe mykje, dette blir ei oppleving . Får berre krysse fingrane for at eg har "nyst" frå meg på ei stund.
Verbet nyse er forresten eit ekkelt ord å bøye. Å nyse, no nys eg , i går naus eg, har nyst (eg likar betre å seie har "nåse".)

Atshooooooooo.