Vottane mine

Vottane mine

torsdag 5. mai 2011

NO KAN DET BERRE GÅ EIN VEG-OPPOVER.

Den siste tida har vore mildt sagt trasig, (orkar ikkje å kommentere det noko meir) men no kan det berre gå oppover. Starta påska med eks.antal herlege fjellturar, men så vart det brått stopp. Bilete ovanfor er av jenta mi på Rundefjellet. Skulle hatt meg ein tur dit igjen for å sjå korleis det går med Lundefuglane. Til helga skal vi feire konfirmasjonen til den midterste guten vår, og det gler vi oss til. Førebuinga har kanskje ikkje gått heilt som planlagt. Eg ligg mykje på sofaen og tenkjer på alt eg skulle ha gjort, medan kroppen nektar å samarbeide. Heldigvis har eg mange rundt meg som trår til med mat og kaker, slik at vi klarer å få eit skikkeleg sunnmørsk kakebord. For den som ikkje veit korleis det ser ut, så kan eg fortelje at det er enormt. Minst ei kake per person, pynta på den lekraste måten.Trur eg må kome tilbake med bilde frå kakebordet etter konfirmasjonen.


Véret er nydeleg for tida, men skal eg klage på noko så er det litt kald vind. Høyrde på vérmeldinga at varmen skulle kome tilbake-herleg. Kjenner at sola gir meg mykje energi. Fleire dagar no, har eg lagt meg i ein solstol innesnurra i eit pledd. Deileg å ligge å døse medan ein høyrer nydeleg fuglekvitter bakgrunnen.

Livet er eigentleg ganske herleg, sjølv om ein stundom møter utfordringar.

Ha ein fin dag alle saman.

Veronica

3 kommentarer:

  1. Lykke til med konfirmasjonen.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med konfirmanten - og lukke til med konfirmasjonsfesten. Håper godveret gir deg energien tilbake:)

    SvarSlett
  3. Takk, vi har hatt ein strålande dag.
    Ja godveret gir meg nok energien tilbake. Må vel berre ta tida til hjelp, tek litt tid å kome seg etter ei trafikkulykke.
    Ha det fint.
    VERONICA

    SvarSlett