Vottane mine

Vottane mine

fredag 20. mai 2011

Blanke ark og fargestifter til......

Så snart forma og tida tillet det, skal eg ha meg ein tur på Ikea. Det er mykje eg berre MÅ ha, både til verkstaden min og privat. Eg elskar Ikea, men dessverre ligg det litt for langt vekke.
Må ha nye bord og stolar til "avslappingsavdelinga" i brakka mi + mykje anna kjekt smånips som du kun finn på Ikea. Kjenner at eg er i rydde/oppussingsmodus.






Har bestemt meg for at no blir det ryddesalg på glasprodukt. Minus 20 % på mange produkt. Det er ikkje noko gale med dei, eg må berre kvitte meg med litt før eg startar med ny frisk.





Eg har ikkje faste opningstider, men det er berre å slå på tråden så opnar eg opp. Her gjeld det først til mølla prinsippet. Velkommen.



Eller kanskje du vil på "Hobbykveld" ? Slå på tråden for meir informasjon.
Vennleg helsing Veronica S Hide

Mobil:90097342

torsdag 5. mai 2011

NO KAN DET BERRE GÅ EIN VEG-OPPOVER.

Den siste tida har vore mildt sagt trasig, (orkar ikkje å kommentere det noko meir) men no kan det berre gå oppover. Starta påska med eks.antal herlege fjellturar, men så vart det brått stopp. Bilete ovanfor er av jenta mi på Rundefjellet. Skulle hatt meg ein tur dit igjen for å sjå korleis det går med Lundefuglane. Til helga skal vi feire konfirmasjonen til den midterste guten vår, og det gler vi oss til. Førebuinga har kanskje ikkje gått heilt som planlagt. Eg ligg mykje på sofaen og tenkjer på alt eg skulle ha gjort, medan kroppen nektar å samarbeide. Heldigvis har eg mange rundt meg som trår til med mat og kaker, slik at vi klarer å få eit skikkeleg sunnmørsk kakebord. For den som ikkje veit korleis det ser ut, så kan eg fortelje at det er enormt. Minst ei kake per person, pynta på den lekraste måten.Trur eg må kome tilbake med bilde frå kakebordet etter konfirmasjonen.


Véret er nydeleg for tida, men skal eg klage på noko så er det litt kald vind. Høyrde på vérmeldinga at varmen skulle kome tilbake-herleg. Kjenner at sola gir meg mykje energi. Fleire dagar no, har eg lagt meg i ein solstol innesnurra i eit pledd. Deileg å ligge å døse medan ein høyrer nydeleg fuglekvitter bakgrunnen.

Livet er eigentleg ganske herleg, sjølv om ein stundom møter utfordringar.

Ha ein fin dag alle saman.

Veronica

onsdag 20. april 2011

Lite livsteikn.

På kveldstur til Runde.


Goksøyra.


Turistane har byrja å kome, og campingplassen vaknar til liv.

Fotografane sit klare til å filme lundefuglen, og dei er utstyrt med verdens største kameralinser.


Eg er ingen ornitolog, men eg likar å gå på fjellet samstundes som eg synest lundefuglen er ein fasinerande og flott fugl. I dag var vi ein gjeng på 10 personar som la kveldsturen vår til Lundeura. Turen kan anbefalast på det sterkaste, eit yrande fugleliv og ein flott fjelltur.





Turen passar for både liten og stor.


Den yngste var faktisk den som var fyrst på toppen.




Kjekke jenter på fjelltur.






Ein søt lundefugl.


Eg synest lundefuglen ser litt sjarmerande trist ut i augene.






Etter ein slik tur er det deileg å kome heim å leggje seg på sofaen og slappe av.

Kvardagslykke + god samvittigheit.


YNSKJER DYKK ALLE EI GOD PÅSKE.


Veronica






onsdag 30. mars 2011

Vakkert ?

Ja, visst er det vakkert ute, men eg er så lei av snø. Dette bilete passar best på eit julekort, og snart er det april. No vil eg ha vår!! Frustrasjonen over snø er så stor at eg føler eg snart går på veggane. Klarer ikkje å vere kreativ under slike forhold. Nei no skal eg slutte å syte, ingen ting å gjere med det ? Kanskje eg rett og slett skal finne fram støvsugaren-og støvsuge vekk heile skiten (snøen).


Mykje spennande som skjer i livet mitt for tida, kanskje litt for mykje å velje i ? Veit sanneleg ikkje kva eg skal satse på. Jobb, studier eller fulltids glaskunstnar ? Skulle ynskje at eg kunne vere tøff og lytta til magefølelsen. Fornufta seier ein ting, medan magen seier noko heilt anna. No har eg levd etter fornuftsprinsippet i godt og vel 40 år, så kanskje det er på tide å prøve noko nytt ?


I fjøsen er det full fart med lambing. Villsauene er flinke og klarer seg sjølv, medan dei andre ofte må ha hjelp av jordmor. Eg synest det er fasinerande å ta imot dei søte små "lamba", og kjenner at eg er i mitt rette element. Jordmor Hide står til tjeneste. Ynskjer dykk alle ein fin kveld, så får vi håpe at våren snart kjem . Veronica

mandag 28. februar 2011

Give away ?


For nokre dagar sidan fekk eg ei melding om at eg hadde vunne ein give away (nokon som tipsa meg om det).

Eg klarer rett og slett ikkje å finne ut kven det er som etterlyser meg. Er det nokon som kan hjelpe meg med det hadde det vore fint.

Ynskjer dykk alle ein fin dag og ei fin veke.

No tek eg på meg fjellsko og går ein tur på fjellet i det nydelege veret.


Veronica.

lørdag 12. februar 2011

Ut i havgapet.

I dag har vi hatt ein nydeleg solskinns dag her på Hide i Gjerdsvika.

Eg skal ærleg innrømme at eg er lei av snø og kulde. Eg er absolutt ikkje noko vintermenneske. Snø høyrer heime rundt juletider -for å skape julestemning.


Nei, no er eg klar for våren.



Det er litt kjedeleg å gå på tur åleine, men kamera er ein god turkamerat.


Eg likar godt å fotografere , og har fått meg flott kamera i bursdagsgåve. Eg skulle ha lært meg meir om fotografering, for eg er ein amatør. Har faktisk kjøpt meg ei bok om fotografering, men eg gidd ikkje sette meg ned å lese i den.

















Her er nokre av dei bilda eg knipsa i dag.



















Ynskjer alle ein fin kveld, og alle mødre ein fin morsdag i morgon.

Veronica


























































































































































fredag 11. februar 2011

Nå skinner sola i vinduskarmen.....


Eg blir rett og slett glad av sola i dag.

Heldigvis bur vi på "rett" side av Gjerdvika, og har sol mesteparten av året (dersom verforholda tilseier det). Hadde rett og slett ikkje klart å site på andre sida av "Vikja" og sett bort på sola. Nok om det, no skal eg berre nyte sola. Vindauga ser grusomt skitne ut, men det aktar eg ikkje å bry meg om (dei er forholdsvis reine på innsida).

Nesten sånn at eg har lyst å ta med meg eit pledd og sette meg ut å suge til meg energien som sola gir meg. Lytte til nydeleg fuglekvitter og kosesnakke med sauene.
Kjenner at skapartrangen trengjer seg på. Livet er herleg.

Berre å hive seg rundt å få nyte resten av denne solfylte dagen.

Ha ei fin helg.


Veronica