Vottane mine

Vottane mine

søndag 11. september 2011

Allergisk mot Ikea ?

No er eg verkeleg bekymra. Eg fryktar rett og slett at eg har vorte allergisk mot Ikea.




I går var eg og ei anna ikeafrelst dame på dagstur til Trondheim. For å få mest mogleg utbytte av helga brukte vi natta til å køyre. Vi hadde ein kjempe fin tur oppover, og dei 6 timane gjekk fort medan vi prata om alt og ingen ting. Vi var i strålande humør, dette hadde vi "gledd" oss til lenge. Stod spenna klar til shopping då dørene ved Ikea opna. Akkurat i det vi gjekk inn døra fekk eg akutt nyse anfall. Det kom berre kasta på meg, tidlegare hadde eg vore frisk som ein fisk. Eg naus og naus, så å seie konstant i 5 timar. Det rann ut av nasa og augene var knallraude. Kjøpte nokre koppehanddukar, og etter kvart vart nysinga så ekstrem at eg vurderte å ofre dei som lommetørkel. Reisevenninna mi holdt på å le seg i hel, nysinga mi gjorde at ho heile tida hadde full kontroll over kva reol eg befann meg bak.Det vart rett og slett pinleg der eg gjekk å gøymde meg og naus. Atshoooooooooooooo.Traff ei dame som eg ikkje har sett på 19 år (ei som eg studerte ilag med). Høffleg som ho er sa ho ingen ting om kor elendig eg såg ut, men blikket avslørte henne. Ho lurte sikkert på om eg var djupt ulykkeleg og hadde "grete" i dagesvis. Ulykkeleg ? Nei eg var svært lykkeleg for endeleg å vere på Ikea.Hadde problem med å holde nysen tilbake såpass lenge at eg fekk betalt varene. Då eg gjekk bort i "food"avdelinga vart det ekstra gale, så eg måtte berre skunde meg der i frå. Starta på heimvegen og kom meg nysande men glad tilbake til Gjerdsvika.


No sit eg her heime i stova vår tett i nasa, men mykje betre enn i går. Håper at dette går raskt over, då eg ikkje har tid til å nyse no. Eg må vere heilt frisk til tirsdag for då reiser eg på skuletur til Polen/Tyskland. Gler meg kjempe mykje, dette blir ei oppleving . Får berre krysse fingrane for at eg har "nyst" frå meg på ei stund.
Verbet nyse er forresten eit ekkelt ord å bøye. Å nyse, no nys eg , i går naus eg, har nyst (eg likar betre å seie har "nåse".)

Atshooooooooo.

fredag 12. august 2011

Haustplanar.


Ja no er det berre å innsjå at sommaren (snart) er over og det er kvardag.
Planane framover på Hide Gard og Glasdesign:
Hobbykveldane/kursa har vore populære, så dei kjem eg til å forsette med.
Har du lyst å prøve "glasfusing", så slå på tråden eller send ein mail.
Mobil:900 97342, mail:verhide@tussa.com
Eg kjem ikkje til å ha faste opningstider, men har ope etter avtale.
Det blir lange dagar dersom eg skal gå rundt og vente på at nokon kanskje stikk innom.
"På bestilling eg ei kan lage,
eg må berre beklage.
Kreativiteten friheit må ha,
om resultatet skal bli bra".
Av ulike årsaker kjem eg heller ikkje til å reise rundt på så mange messer/utstillingar.
Dykk er hjarteleg velkommen til å besøkje meg her ut i havgapet (Gjerdsvika).
Slå gjerne på tråden, så slepp dokke ein "bomtur".
Velkommen.
Veronica S Hide

mandag 20. juni 2011

SOMMARSTENGT PÅ HIDE GARD OG GLASDESIGN.

Sommarsalget/restesalget er ferdig for denne gong, så no tek eg ein lang og velfortjent sommarferie. I ferien vil eg "samle" krefter, samt prøve å finne igjen skapargleda/kreativiteten. Håper at eg og skal få produsert litt glas.







Dersom du har veldig lyst å stikke innom verkstaden min, kan du slå på tråden så kan eg opne etter avtale.







Ynskjer alle ein nydeleg ferie, så sjåast vi til hausten.
GOD SOMMAR.





HIDE GARD OG GLASDESIGN
Veronica Sundgot Hide
Mobil:90097342
Mail:verhide@tussa.com







onsdag 8. juni 2011

RYDDESALG.

Stort ryddesalg på Hide Gard og Glasdesign.



Kom til Hide og gjer eit kjempe kupp, tilbudet varer så lenge lageret rekk.


Restekasse: diverse varer kr.30, kr.50 og kr.100. Ellers er det minus 20% på ein del store fat.
Har ikkje faste opningtider, men har ope etter avtale.

Velkommen.
Veronica S Hide
Mobil:900 97 342
Mail: verhide@tussa.com



fredag 20. mai 2011

Blanke ark og fargestifter til......

Så snart forma og tida tillet det, skal eg ha meg ein tur på Ikea. Det er mykje eg berre MÅ ha, både til verkstaden min og privat. Eg elskar Ikea, men dessverre ligg det litt for langt vekke.
Må ha nye bord og stolar til "avslappingsavdelinga" i brakka mi + mykje anna kjekt smånips som du kun finn på Ikea. Kjenner at eg er i rydde/oppussingsmodus.






Har bestemt meg for at no blir det ryddesalg på glasprodukt. Minus 20 % på mange produkt. Det er ikkje noko gale med dei, eg må berre kvitte meg med litt før eg startar med ny frisk.





Eg har ikkje faste opningstider, men det er berre å slå på tråden så opnar eg opp. Her gjeld det først til mølla prinsippet. Velkommen.



Eller kanskje du vil på "Hobbykveld" ? Slå på tråden for meir informasjon.
Vennleg helsing Veronica S Hide

Mobil:90097342

torsdag 5. mai 2011

NO KAN DET BERRE GÅ EIN VEG-OPPOVER.

Den siste tida har vore mildt sagt trasig, (orkar ikkje å kommentere det noko meir) men no kan det berre gå oppover. Starta påska med eks.antal herlege fjellturar, men så vart det brått stopp. Bilete ovanfor er av jenta mi på Rundefjellet. Skulle hatt meg ein tur dit igjen for å sjå korleis det går med Lundefuglane. Til helga skal vi feire konfirmasjonen til den midterste guten vår, og det gler vi oss til. Førebuinga har kanskje ikkje gått heilt som planlagt. Eg ligg mykje på sofaen og tenkjer på alt eg skulle ha gjort, medan kroppen nektar å samarbeide. Heldigvis har eg mange rundt meg som trår til med mat og kaker, slik at vi klarer å få eit skikkeleg sunnmørsk kakebord. For den som ikkje veit korleis det ser ut, så kan eg fortelje at det er enormt. Minst ei kake per person, pynta på den lekraste måten.Trur eg må kome tilbake med bilde frå kakebordet etter konfirmasjonen.


Véret er nydeleg for tida, men skal eg klage på noko så er det litt kald vind. Høyrde på vérmeldinga at varmen skulle kome tilbake-herleg. Kjenner at sola gir meg mykje energi. Fleire dagar no, har eg lagt meg i ein solstol innesnurra i eit pledd. Deileg å ligge å døse medan ein høyrer nydeleg fuglekvitter bakgrunnen.

Livet er eigentleg ganske herleg, sjølv om ein stundom møter utfordringar.

Ha ein fin dag alle saman.

Veronica

onsdag 20. april 2011

Lite livsteikn.

På kveldstur til Runde.


Goksøyra.


Turistane har byrja å kome, og campingplassen vaknar til liv.

Fotografane sit klare til å filme lundefuglen, og dei er utstyrt med verdens største kameralinser.


Eg er ingen ornitolog, men eg likar å gå på fjellet samstundes som eg synest lundefuglen er ein fasinerande og flott fugl. I dag var vi ein gjeng på 10 personar som la kveldsturen vår til Lundeura. Turen kan anbefalast på det sterkaste, eit yrande fugleliv og ein flott fjelltur.





Turen passar for både liten og stor.


Den yngste var faktisk den som var fyrst på toppen.




Kjekke jenter på fjelltur.






Ein søt lundefugl.


Eg synest lundefuglen ser litt sjarmerande trist ut i augene.






Etter ein slik tur er det deileg å kome heim å leggje seg på sofaen og slappe av.

Kvardagslykke + god samvittigheit.


YNSKJER DYKK ALLE EI GOD PÅSKE.


Veronica