Vottane mine

Vottane mine

mandag 7. februar 2011

Toalett.



I dag har eg ei merkeleg overskrift, men eg må berre få fortelje kor fornøygd eg er med mitt nye toalett. For godt og vel 1 år sidan starta eg med kurs/hobbykveldar i glasverkstaden min. Verkstaden/utsalget har vorte til litt etter kvart, vegen blir til medan ein går. Fyrst kjøpte eg ei Moelven brakke, og etter ei lita stund kom brakke nummer 2. Når andre damer handlar kle, så handlar eg brakker. Brakkene vart så bygd i hop og laga nytt skråtak på. Eg var strålande fornøygd, med der var berre eit problem......toalett.

Eg leita febrilsk på internett, medan kundane mine måtte ta til takke med mitt private toalett. Travelt for alle å måtte legge ut på spasertur før å gå på toalettet, nei då "held" ein seg heller til ein kjem heim. For min eigen del så synest eg det var travelt å heile tida måtte ha det ekstremt ryddig i huset. Brått ein dag kom eg over noko genialt på internett, "toalett på tilhengar". Eg studerte og undersøkte, og no står altså toalettet klart etter ein tur frå Fredrikstad til Gjerdsvika.

I morgon ventar eg besøk av ein damegjeng, og då skal toalettet innviast.

Ha ein fin kveld.

Veronica


















4 kommentarer:

  1. gratulerer, såg nett, og fint, ut:)

    SvarSlett
  2. Det er stor glede over å finne noko ein treng;)
    Har hørt at det er såååå koseleg og kjekt hos deg:)

    Ønskar deg ei flott veke der ute i Gjerdsvika:)

    Klem frå Astrid♥

    SvarSlett
  3. Det er vel do-dåp med dassfadderar i Gjerdsvika i kveld då? Gratulerer med tilhengardoen:)

    SvarSlett
  4. Takk for det. Ja, do-dåp med dassfaddera skulle eg hatt. Har faktisk hatt nokre Herøydamer på kurs no i kveld, men doet står faktisk ubrukt enno. Ingen som ville vere den fyrste til å prøve ?

    Ynskjer dykk alle ei fin veke.
    Klem frå Veronica

    SvarSlett