Vottane mine

Vottane mine

onsdag 20. april 2011

Lite livsteikn.

På kveldstur til Runde.


Goksøyra.


Turistane har byrja å kome, og campingplassen vaknar til liv.

Fotografane sit klare til å filme lundefuglen, og dei er utstyrt med verdens største kameralinser.


Eg er ingen ornitolog, men eg likar å gå på fjellet samstundes som eg synest lundefuglen er ein fasinerande og flott fugl. I dag var vi ein gjeng på 10 personar som la kveldsturen vår til Lundeura. Turen kan anbefalast på det sterkaste, eit yrande fugleliv og ein flott fjelltur.





Turen passar for både liten og stor.


Den yngste var faktisk den som var fyrst på toppen.




Kjekke jenter på fjelltur.






Ein søt lundefugl.


Eg synest lundefuglen ser litt sjarmerande trist ut i augene.






Etter ein slik tur er det deileg å kome heim å leggje seg på sofaen og slappe av.

Kvardagslykke + god samvittigheit.


YNSKJER DYKK ALLE EI GOD PÅSKE.


Veronica






onsdag 30. mars 2011

Vakkert ?

Ja, visst er det vakkert ute, men eg er så lei av snø. Dette bilete passar best på eit julekort, og snart er det april. No vil eg ha vår!! Frustrasjonen over snø er så stor at eg føler eg snart går på veggane. Klarer ikkje å vere kreativ under slike forhold. Nei no skal eg slutte å syte, ingen ting å gjere med det ? Kanskje eg rett og slett skal finne fram støvsugaren-og støvsuge vekk heile skiten (snøen).


Mykje spennande som skjer i livet mitt for tida, kanskje litt for mykje å velje i ? Veit sanneleg ikkje kva eg skal satse på. Jobb, studier eller fulltids glaskunstnar ? Skulle ynskje at eg kunne vere tøff og lytta til magefølelsen. Fornufta seier ein ting, medan magen seier noko heilt anna. No har eg levd etter fornuftsprinsippet i godt og vel 40 år, så kanskje det er på tide å prøve noko nytt ?


I fjøsen er det full fart med lambing. Villsauene er flinke og klarer seg sjølv, medan dei andre ofte må ha hjelp av jordmor. Eg synest det er fasinerande å ta imot dei søte små "lamba", og kjenner at eg er i mitt rette element. Jordmor Hide står til tjeneste. Ynskjer dykk alle ein fin kveld, så får vi håpe at våren snart kjem . Veronica

mandag 28. februar 2011

Give away ?


For nokre dagar sidan fekk eg ei melding om at eg hadde vunne ein give away (nokon som tipsa meg om det).

Eg klarer rett og slett ikkje å finne ut kven det er som etterlyser meg. Er det nokon som kan hjelpe meg med det hadde det vore fint.

Ynskjer dykk alle ein fin dag og ei fin veke.

No tek eg på meg fjellsko og går ein tur på fjellet i det nydelege veret.


Veronica.

lørdag 12. februar 2011

Ut i havgapet.

I dag har vi hatt ein nydeleg solskinns dag her på Hide i Gjerdsvika.

Eg skal ærleg innrømme at eg er lei av snø og kulde. Eg er absolutt ikkje noko vintermenneske. Snø høyrer heime rundt juletider -for å skape julestemning.


Nei, no er eg klar for våren.



Det er litt kjedeleg å gå på tur åleine, men kamera er ein god turkamerat.


Eg likar godt å fotografere , og har fått meg flott kamera i bursdagsgåve. Eg skulle ha lært meg meir om fotografering, for eg er ein amatør. Har faktisk kjøpt meg ei bok om fotografering, men eg gidd ikkje sette meg ned å lese i den.

















Her er nokre av dei bilda eg knipsa i dag.



















Ynskjer alle ein fin kveld, og alle mødre ein fin morsdag i morgon.

Veronica


























































































































































fredag 11. februar 2011

Nå skinner sola i vinduskarmen.....


Eg blir rett og slett glad av sola i dag.

Heldigvis bur vi på "rett" side av Gjerdvika, og har sol mesteparten av året (dersom verforholda tilseier det). Hadde rett og slett ikkje klart å site på andre sida av "Vikja" og sett bort på sola. Nok om det, no skal eg berre nyte sola. Vindauga ser grusomt skitne ut, men det aktar eg ikkje å bry meg om (dei er forholdsvis reine på innsida).

Nesten sånn at eg har lyst å ta med meg eit pledd og sette meg ut å suge til meg energien som sola gir meg. Lytte til nydeleg fuglekvitter og kosesnakke med sauene.
Kjenner at skapartrangen trengjer seg på. Livet er herleg.

Berre å hive seg rundt å få nyte resten av denne solfylte dagen.

Ha ei fin helg.


Veronica

tirsdag 8. februar 2011

Hobbykveld.




I dag har eg hatt besøk av ein gjeng kreative Herøydamer. Dei lekraste produkta ligg no i ovnen til brenning. Det vart laga alt frå sommarfugl, katt og fugl til lysfat. Rett triveleg var det. Har ikkje bilde frå dagens produksjon, så difor legg eg ut eit bilete av eit fat eg laga for ei stund sidan.

Ha ei god natt.

Veronica

mandag 7. februar 2011

Toalett.



I dag har eg ei merkeleg overskrift, men eg må berre få fortelje kor fornøygd eg er med mitt nye toalett. For godt og vel 1 år sidan starta eg med kurs/hobbykveldar i glasverkstaden min. Verkstaden/utsalget har vorte til litt etter kvart, vegen blir til medan ein går. Fyrst kjøpte eg ei Moelven brakke, og etter ei lita stund kom brakke nummer 2. Når andre damer handlar kle, så handlar eg brakker. Brakkene vart så bygd i hop og laga nytt skråtak på. Eg var strålande fornøygd, med der var berre eit problem......toalett.

Eg leita febrilsk på internett, medan kundane mine måtte ta til takke med mitt private toalett. Travelt for alle å måtte legge ut på spasertur før å gå på toalettet, nei då "held" ein seg heller til ein kjem heim. For min eigen del så synest eg det var travelt å heile tida måtte ha det ekstremt ryddig i huset. Brått ein dag kom eg over noko genialt på internett, "toalett på tilhengar". Eg studerte og undersøkte, og no står altså toalettet klart etter ein tur frå Fredrikstad til Gjerdsvika.

I morgon ventar eg besøk av ein damegjeng, og då skal toalettet innviast.

Ha ein fin kveld.

Veronica