Vottane mine

Vottane mine

mandag 17. oktober 2011

FULL RULLE.

Her er det berre å stå på skal ein bli ferdig til jul.
Ovnane MÅ fyllast med glasprodukt kvar "bidige" dag.
Litt vanskeleg å kome i julemodus, så kanskje eg bør leite fram julemusikken for å få rett stemning.


I dag er eg i hjartemodus, og det blir produsert hjarter i mange variantar.


Lyst til å prøve glasfusing ?
Ta med venninner, klubben eller gode kollegaer og kom til Hide/Gjerdsvika på hobbykveld.
Det er hektiske tider, så her gjeld fyrst til mølla prinsippet.
Det kostar kroner 300 per person, og då får alle lage eit glasprodukt, lysfat eller oppheng. Dette er noko alle får til, og det er kjekt å vere kreativ i lag.
For meir informasjon og påmelding ta kontakt på mobil:900 97342 eller mail: verhide@tussa.com.

Kjekk gjeng som var på hobbykveld.


Ynskjer alle ein hjarteleg fin dag.




Veronica

søndag 16. oktober 2011

Lite lyst til å vere kreativ.

Skal innrømme at i dag hadde eg ikkje så lyst til å vere kreativ. Tok meg ein tur ned i verkstaden for å sjå om eg orka sette på ovnen- det gjorde eg til slutt. Fekk besøk av ei hyggeleg dame, og merka at litt skryt er det som skal til for at arbeidslysta kjem.Sjølv om det er søndag fekk eg gjort ein del (ein skal vel eigentleg ikkje jobbe på søndag).

Min digre høvelbenk har kome på plass, samt at eg har snudd litt rundt i verkstaden. Må førebu meg til haustens hobbykveldar samt julemesser.

Høvelbenken medan den enno stod på "loppis".

I dag har eg vore litt nostalgisk og resultatet vart 2 stykk fat, samt nokre hjarter.


Hjarter er alltid populært.


Ynskjer alle ein strålande søndag.

Veronica

lørdag 15. oktober 2011

Dagens kreative produksjon.


Eg har så smått starta på juleproduksjonen.Har laga nokre englefat, samt ein del hjarte. Eg har mange idear, så no gjeld det berre å få sett dei ut i livet.




Ynskjer dykk alle ei fin helg.

Veronica

torsdag 13. oktober 2011

LITT ENDRINGAR I BLOGG SYSTEMET MITT.

Eg har no gjort litt endringar i bloggsystemet mitt.
Eg har no ein glasblogg:http://hidegardogglasdesign.bl​ogspot.com/ , samt ein litt meir privat blogg:http://verhide.blogspot.com/.
Håper dykk vil ta turen innom dei, og legg gjerne igjen kommentarar.
Ha ein fin dag.
Veronica

tirsdag 11. oktober 2011

Juleproduksjonen har startar.

Anbefaling:Gå inn på Brit`s små puslerier og ver med på kjempe lotteri.
http://brit-puslerier.blogspot.com/2011/10/julekalenderlotteri-for-100000-jubileum.html




Her ut i havgapet går no dagane som vanleg, puslar litt med glasproduksjon i "brakka" medan eg drøymer om å finne meg ein jobb. For godt og vel 5 månader sidan var eg innblanda i ei bilulykke, og etter det har eg berre vore heime. Kjenner at eg er for sosial til å gå for meg sjølv heile dagane. Saknar nokon å snakke med. Håper at det skal dukke opp eit kreativt jobbtilbud snart.

I dag har eg hatt meg nokre fine timar i brakka, og eg er svært spent på resultatet. Har laga eit kjempe stort firkanta "englefat". Synest sjølv at det er litt annerleis,og at eg har utvikla meg og klart å tenke nytt. Bilde kjem når eg har fått fatet velberga ut av ovnen- om eit par brenningar.
Glasfusing er ein omstendeleg prosess, så ting tek tid. Håper å få laga litt glas no framover slik at eg kan fare på julemesser. Eg har også planar om å opne "epla utsalg", men fyrst må eg kome meg frampå.
Ynskjer alle ein fin haustdag.

Veronica

onsdag 28. september 2011

Viktig med planar, men...................


Då eg opna lokalavisa i går fekk eg bakoversveis av sjokk.
"Planar om kulturelt samarbeid på Hide i Gjerdsvika" var overskrifta på notisen som slo mot meg. Dette måtte eg lese, spennande, skal tru kva dette var ? Etter kvart som eg las gjekk det opp for meg at eg visst nok var ein del av desse planane. Eg har ikkje noko i mot planar og draumar, men synest det er greit å vite om planar som gjeld meg.

mandag 26. september 2011

Endeleg i gang.


Etter 5 månader ufrivilleg pause er eg no i gang med å skape glaskunst igjen.
Trudde ei stund at kreativiteten var vekke for evig og alltid- det føltest slik.
Godt å kjenne at eg igjen har lyst til å gå ned i brakka og jobbe med glasfusing.
No klarer eg å stå oppreist i meir enn fem minutt utan å vere totalt utmatta.
Ei bilulykke har sett meg ut av funksjon, og det har teke mykje lenger tid å kome i form enn eg hadde trudd.
Vi var tross alt knall heldige, takk og lov at det gjekk så bra.

Forrige veke kom eg heim frå ein fantastisk fin skuletur til Polen/Tyskland, i regi av Aktive Fredsreiser.
Veldig lærerikt, mange sterke inntrykk og fæle historier, men også mange gode opplevelsar.
Eg innser at eg har det kjempe godt her i Gjerdsvika, og frå no av skal eg leve og nyte livet.

Har mange planar for glasverksemda og livet mitt.
Carpe diem.
Eg går ei spennande tid i møte.
Satsar på å få med meg nokre lokale julemesser, så no må eg byrje å tenkje juleproduksjon.
Skal også bli flinkare å skrive blogg.
Og så skal eg bli flinkare å ta bilde av glasprodukta eg lagar.
Sjåast snart.
Veronica