Produserer litt glas kvar dag.
I dag vart eg skikkeleg fornøygd då eg opna ovnen.
Eg hadde eit "prøveprosjekt" pågang- å jippi det vart akkurat slik eg hadde håpt og trudd.
Kan ikkje røpe det enno.
Litt hemmeligheiter må eg ha.
Røper det ikkje før på julemesse i løda til Brit og Arild den 12.11.
Veronica
Åh, for eit fantastisk flott fat !!!
SvarSletthelsing Anne-Mari Kaldhol
amosinblogg.blogspot.com
Tusen takk for det Anne-Mari.
SvarSlettYnskjer deg og dine ei god helg.
Veronica
Du lagar så mykje fint Veronica!
SvarSlettNo vart eg veldig spent på kva nytt du har funne på :)
Må prøve å få med meg den messa då forstår eg ;)
Synd vi ikkje fekk til glaslaging hjå deg på jenteturen i år.. Vi får prøve igjen ved eit seinare høve. Det er berre så utruleg kjekt!!
Ha ei god veke :)
Kristin
Så mykje flott du lagar, Veronica. Er reint imponert over kunstnarevna og produksjonen din. Synd eg bur så langt vekke, elles skulle eg fått med meg noko fint til jul. Lykke til med juleproduksjon, høyres veldig koselig ut. Håpar helsa er god. Elin Hope
SvarSlettTakk for det Elin og Kristin.
SvarSlettJa Kristin, det var dumt at eg var vekke då dokke hadde jentetur. Dokke er hjarteleg velkomne tilbake ein annan gong. Ja den julemessa i "Løda" brukar å vere veldig koseleg og stemningsfull, så du må ta deg ein tur.
Helsa er stigande Elin, no kan det berre gå ein veg-oppover. Det blir vel kanskje litt langt frå Hide til Afrika, men du får ta deg ein tur når du er på besøk i området.
Ynskjer dykk begge ei flott veke.
Misunner deg varmen Elin. I dag har vi nydeleg ver her ute i havgapet (har vore opp i 19 grader), så i dag skal eg ikkje gramme meg. Har vel funne ut at eg er fødd i feil land, typisk syden menneske.
Veronica