Vottane mine

Vottane mine

lørdag 25. februar 2012

Dokke må ikkje gløyme "Hide Gard og Glasdesign".


Det er ikkje alltid ting går som ein planlegg.
Dei siste 10 månadane har ikkje gått i min favør.
Har vore sjukemeld, og er det fortsatt.
Eg har absolutt ikkje gitt opp her eg ligg på sofaen, eg skal bli bra.
Ting tek tid, men eg kjenner at eg byrjar å bli rastlaus no.

Heldigvis så har eg ei kreativ familie som kan trå til å hjelpe.
Eg har mange planar og idear, så får eg heller nytte meg av andre til å sette dei ut i livet.

Mykje spennande som kjem til å skje framover, så følg med.

Veronica