Skal innrømme at i dag hadde eg ikkje så lyst til å vere kreativ. Tok meg ein tur ned i verkstaden for å sjå om eg orka sette på ovnen- det gjorde eg til slutt. Fekk besøk av ei hyggeleg dame, og merka at litt skryt er det som skal til for at arbeidslysta kjem.Sjølv om det er søndag fekk eg gjort ein del (ein skal vel eigentleg ikkje jobbe på søndag).
Min digre høvelbenk har kome på plass, samt at eg har snudd litt rundt i verkstaden. Må førebu meg til haustens hobbykveldar samt julemesser.
Høvelbenken medan den enno stod på "loppis".
I dag har eg vore litt nostalgisk og resultatet vart 2 stykk fat, samt nokre hjarter.
Hjarter er alltid populært.
Ynskjer alle ein strålande søndag.
Veronica
Dette er ein test. Eg har fått tilbakemeldingar på at det er problem med å legge igjen kommentarar på bloggane mine. Er det nokon som kan hjelpe meg ?
SvarSlettHei.
SvarSlettDette er ein test på om eg kan legge igjen kommentar.
Arnfinn
Flotte fat! :)
SvarSlettFekk til å kommentere, men måtte velge "anonym" under velg profil.
SvarSlett-Turid ALise-
Takk Turid Alise.
SvarSlettHar du blogg konto ? Trur at dei som ikkje har blogg må velge anonym. Eg var inn å forandra på nokre innstillingar i stad.
Veronica
Ok. Nei, det har eg ikkje! :)
SvarSlett-TA-
Flotte fat!
SvarSlettJeg liker spesielt godt hjertene.
Og det går heilt fint an å følge begge bloggane dine og skrive kommentar.
Takk for fine kommentarar.
SvarSlettKjenner at litt skryt hjelp på motivasjonen.
Veronica
Hei Veronica.
SvarSlettPrøver igjen om eg får lagt inn kommentar;-)
Fata var kjempefine,og litt skryt i kvardagen er berre bra:-))
Ser at eg no kan velge anonym eller nettadresse, desse to alternativa var her ikkje tidligare.
Gry
Hei Gry.
SvarSlettEg er ikkje så god i dette blogg systemet, men endeleg ser det ut som om det fungerar.
Ynskjer deg ein fin dag.
Veronica