Vottane mine

Vottane mine

mandag 26. september 2011

Endeleg i gang.


Etter 5 månader ufrivilleg pause er eg no i gang med å skape glaskunst igjen.
Trudde ei stund at kreativiteten var vekke for evig og alltid- det føltest slik.
Godt å kjenne at eg igjen har lyst til å gå ned i brakka og jobbe med glasfusing.
No klarer eg å stå oppreist i meir enn fem minutt utan å vere totalt utmatta.
Ei bilulykke har sett meg ut av funksjon, og det har teke mykje lenger tid å kome i form enn eg hadde trudd.
Vi var tross alt knall heldige, takk og lov at det gjekk så bra.

Forrige veke kom eg heim frå ein fantastisk fin skuletur til Polen/Tyskland, i regi av Aktive Fredsreiser.
Veldig lærerikt, mange sterke inntrykk og fæle historier, men også mange gode opplevelsar.
Eg innser at eg har det kjempe godt her i Gjerdsvika, og frå no av skal eg leve og nyte livet.

Har mange planar for glasverksemda og livet mitt.
Carpe diem.
Eg går ei spennande tid i møte.
Satsar på å få med meg nokre lokale julemesser, så no må eg byrje å tenkje juleproduksjon.
Skal også bli flinkare å skrive blogg.
Og så skal eg bli flinkare å ta bilde av glasprodukta eg lagar.
Sjåast snart.
Veronica

4 kommentarer:

  1. Kjekt å lese at forma er stigane - og kreativiteten med den:) Lukke til med idéane og produksjonen!

    SvarSlett
  2. Takk Ann Kristin.
    Må berre presisere at dei planane som vart presentert i Vestlandsnytt i går, var totalt ukjende for meg. Greit med planar og draumar, men eg likar helst at eg får styre over dei sjølv.
    Ha det fint.

    SvarSlett