Mykje spennande som skjer i livet mitt for tida, kanskje litt for mykje å velje i ? Veit sanneleg ikkje kva eg skal satse på. Jobb, studier eller fulltids glaskunstnar ? Skulle ynskje at eg kunne vere tøff og lytta til magefølelsen. Fornufta seier ein ting, medan magen seier noko heilt anna. No har eg levd etter fornuftsprinsippet i godt og vel 40 år, så kanskje det er på tide å prøve noko nytt ?
I fjøsen er det full fart med lambing. Villsauene er flinke og klarer seg sjølv, medan dei andre ofte må ha hjelp av jordmor. Eg synest det er fasinerande å ta imot dei søte små "lamba", og kjenner at eg er i mitt rette element. Jordmor Hide står til tjeneste. Ynskjer dykk alle ein fin kveld, så får vi håpe at våren snart kjem . Veronica
Enig med deg, no venter vi på vår. Men i dag skin sola og jeg tror jammen jeg og lille prinsen skal leke vi er på påskeferie i dag siden vi har en luksusfridag:)
SvarSlettKjenner igjen det her med valgets kvaler - er inni en slik fase selv : skal man våge å hive seg uti det eller skal man være fornuftig- VANsKELIG!! Øsnker deg lykke til videre i valgets kvaler og med lammingen. Vi starter snart her på gården også:)
Ja no ser eg verkeleg fram til vår.
SvarSlettIkkje lett å ta valg. Eg er opplærd til å vere fornuftig, så det er så vanskeleg å velje noko anna. Eg er veldig flink til å råde alle andre: då seier eg at det er viktig å leve livet og gjere det magefølelsen seier. Så hiv deg uti det Brit, så kanskje eg kan klare å leve etter råda mine sjølv. Lykke til med lambinga. Veronica
Ja du veit kva eg meiner Veronica :-) Fekk aldri ringt deg tilbake, og dagane og vekene flyg. Håper vi kan pratast snart igjen. Det var så kjekt :-) Kanskje Marit og eg kan kome oss avgarde på ein vårtur ein dag. LYTT TIL MAGEN!!! Prinsessa mi seier stadig...magen min sei at......ho e ei klok kjelle Maritmora mi :-)
SvarSlettklem
Ja eg veit Aina. Eg veit og kan mykje i teorien, men eg klarer ikkje å overføre det til praksis. I dag har eg vore svært kreativ, og laga glas. Kjenner at det var deileg å kome litt i gong. Må berre jobbe litt med meg sjølv. Du veit kvar du finn meg, så berre pling på dersom du er i området. Klem
SvarSlettTusen takk for helsing. Kjekt du likar bloggen min. Vil ønske deg god påske
SvarSlettKlem Anna Lisa